Om oss

Solveig er dagleg leiar ved Hagemiljø i Angedalsvegen. Hagemiljø Førde har drive hagesenter i sentrum frå 2005 til 2017. Som konsekvens av “Førdepakken”og byutvikling, ville vidare drift blitt vanskelig i Langebruvegen. Hagemiljø Førde as fekk då leige uteplass, og lokalitetar hos Døskeland i Angedalsvegen våren 2019. Dette vart eit vellukka samarbeid, og gav oss mulighet for heilårsdrift, med sal av landbruksvarer som egg, poteter, juletre, i kombinasjon med såvarer, jord, planter og frø.

Malgorzata kjem frå Gdynia i Polen, og er ansatt i butikken. Ho har ulik arbeidspraksis, og trivast godt med sal. Og kundane virkelig likar henne!. Det norske språk, og den norske humoren, har ho funne ut av for lenge siden ;). Ho er til god hjelp i høve marknadsføring og data, og dei mange oppgåvene som er knytt til sesongbutikk, med hovedvekt på plantesal om våren.  Vi håpar at Malgorzata snart får reise på besøk heim til Polen. Heimlengt kan kjennast på, når reiser og korona-restriksjonar gjer kvardagen annleis. Men dette har Malgorzata takla særs godt!.  Du treff oss i butikken kvar dag i Angedalsvegen 59.

Her er vi ein kveld i skibakken, Blomlia, no i februar. Dette vart eit alternativ til julebordet som ikkje ble noko av. Vinteraktivitet i skibakke var eit kjekt byte, grunna den allerede omtala koronasituasjonen.

Velkommen til Angedalsvegen 59